Tilgang til andre sin Digipost-konto
Synest du, eller nokon du kjenner, at det er vanskeleg å halde oversikt over kva som kjem i Digipost? Du bør ikkje låne eller låne bort BankID, men heller setje opp kontodeling i Digipost.
Tilgang til konto er ein fin og trygg måte å hjelpe nokon som:
- bur på sjukeheim
- slit med å bruke digitale hjelpemiddel
- er gamal eller ung
- eller berre er litt distre
Det er ikkje naudsynt med fullmakt for å få tilgang til ein annan sin konto, så lenge det er kontoeigaren sjølv som deler kontoen.
Tilgangen gjer det mogleg å:
- lese og bli varsla om ny post
- sende post på deira vegner
- lagre og laste ned innhald frå postkassa
Slik set du opp tilgang:
- gå inn på profilen din og vel «Tilganger»
- for å gi tilgang må du vere logga inn med BankID, Buypass eller Commfides
- søk opp personen som skal ha tilgang og vel «Gi tilgang»
Slik opnar du kontoar du har tilgang til
- logg inn med din eigen Digipost-brukar
- gå til postkassemenyen
- klikk på namnet ditt øvst
- andre personar sine postkasser som du har tilgang til, kjem opp
- vel postkassa du ønskjer å sjå
- neste gong du opnar Digipost, kjem du automatisk tilbake til din eigen postkasse


